Referat frå styremøte i Heidal historielag 25. september 2014 i Kyrkjestugun.


Til stades: Arne Andor Randen, Åse Skogum, Gustav Ekre, Svein Sæther, Kari Mosebakken, Per Prestgard, Martha Rindhølen
 Sverre  Svindland var til stades etter invitasjon til møtet i forbindelse med sak 5.


1. Evaluering av deltaking i Ope Helg - arrangementet 2014.
Det var godt samarbeid med husflidslaget om utstillinga og det var mykje ros å høyre frå publikum om den. Eit omfattande førearbeid av utstillingskomiteen med utvelging av gjenstandar og tilrettelegging,  gjorde truleg at det heile vart vellykka.
Kunngjeringa hadde vore dårleg og ikkje alt publikum visste om utstillinga. Fellesannonseringa for Ope Helg hadde lite tilfredsstillande oppmerksomheit på utstillinga og forsøka på å få mediaomtale på førehand lykkast ikkje.   Ein bør for ettertida sikre at aktiviteten blir gjort tilstrekkeleg kjend både gjennom fellesannonseringa og ved serskild kontakt med media, evt.  invitasjoner i eigen regi. Det er spesielt viktig å sikre seg at avisene har omtale på førehand.
Quiz-tevlinga gjekk greitt med vel tretti deltakarar. Resultatet blir gjort kjent og premiering går føre seg under boksleppet.
Per stilte spørsmålet om organisasjonstrukturen for Ope Helg er robust nok til å sikre arrangementet i framtida. Saka skal drøftast i eit seinare møte.


2. Årboka 2014.
Boka er gått i trykken og boksleppet er lagt til 12. okt på Heidal skule. Program;  Musikk av Amalie Aaseng med speling av slåttar etter Magne Lien og utstilling av feler han laga. Per  orienterar om bokarbeidet. Arne tek seg av utdeling av bøker til forfattarane og premier til  quizvinnarane. Det blir salg av kaffe og bøker. Fordeling av roller og oppgåver: Kontakt med skulen og leiing av arrangementet: Arne. Medlemsverving: Svein. Boksalg: Kari, Martha og Åse.


3. Årboka 2015.
Boknemnda( med Per, Anna, Ola og Helga) er viljuge til å halde fram eit år til. Magne Teigen er ønskja med som biletredaktør og vil inngå som fullt medlem av nemnda. Ein har erfart at ein bør koma i gang så tidleg at ein har eit heilt år til arbeidet med å lage boka. Nemnda fekk mandat til å sette i gang med manus til 2015-boka med tanke på ferdig bok primo oktober 2015.


3.Vertskap for årsmøte i Gudbrandsdal historielag (GH).
Brev frå GH med framlegg om at Heidal  historielag tek på seg å vera vert for GH`s årsmøte 14. mars 2015. Arne fekk fullmakt til å gje positivt svar.


4. Heidalsmålet - nytt opplag .
Publikasjonen er ikkje lenger å få kjøpt og nytt opplag bør lagast. Ein vil vurdere evt. behov for å supplere teksta med fleire dialektord og -uttrykk. Gustav  fekk i oppgåve å legge fram forslag til mandat/oppgåve for ei mogleg prosjektgruppe.


5. Opprydding på heimesida.
Sverre Svindland hadde tatt opp manglande ajourføring og bruk av  heimesida.
Redaktøren bør inviterast til styremøta. Svein etterlyser biletmateriale hos føre redaktøren. Per sørgjer for oversending av møtereferat til redaktøren og tek kontakt med  person som kan fungere som mogleg journalist.


6.Status for nemnder og andre undergrupper.
- årboknemnda fungerar i samsvar med planen.
-arkeologigruppa har aktivitetar og bør annonsere desse betre.
-teatergruppa er lagt ned inntil eit mogleg initiativ med ide til spel måtte koma opp.
- prosjektgrupper for bøkene; bureising og gards- og slektsboka reknast  for nedlagt.
- skuleprosjektet;  Arne har kontakt med skulen og har drøfta val av steg i skulen med vekt på skriving
- slektsgransking; Åse fortalde at Jacob Skjedsvoll har vore kontakta med tanke på nybegynnerkurs på Heidal skule. Deltakarane bør helst ha eige maskin. Plan og kostnadsoverslag vil bli lagt fram for styrebehandling.
- foto- og filmgruppa; ikkje nokon kunnskap om gruppa lever eller ikkje og ein manglar opplysning  om kvar laget sitt utstyr lagrast. Gruppa bør få fastare organisering.


7.Førebuing av årsmøte.
Dato for møtet er torsdag 19. februar 2015. Arne mobiliserer valkomiteen ved sending av brev til formannen med opplysning om verv og personar som står for nyval.